NOÅSERAL KOMMUNE - SAMFUNNSUTVIKLING
Prosjektingeniør
📍 NO· 08 sept 2026
http://data.europa.eu/esco/isco/C2149http://data.europa.eu/esco/isco/C2142http://data.europa.eu/esco/occupation/2a914d26-42aa-46b5-acf3-097d51ba4617fulltime
Vil du vere med å forme framtida i kommunen vår?
Vi søkjer ein engasjert og kompetent prosjektingeniør til ei sentral og viktig stilling i kommunen.
Som prosjektingeniør får du ansvar for å planleggje, koordinere og gjennomføre prosjekt som bidreg til utvikling av lokalsamfunnet og gode tenester til innbyggjarane
Arbeidsoppgåver Om stillinga
Prosjektingeniøren har ei nøkkelrolle i gjennomføring av kommunen sine drifts-, investerings- og utviklingsprosjekt.
Stillinga omfattar ansvar for prosjekt frå planleggingsfase til ferdigstilling innan mellom anna: Bygg- og eigedomsprosjekt VA-anlegg (vatn og avløp) Infrastruktur- og vedlikehaldsprosjekt Kommunale planar og utviklingsområde
Du vil vere involvert i heile prosessen, frå prosjektering og offentlege anskaffingar til gjennomføring, oppfølging og evaluering av prosjekt. Arbeidsoppgåver Leie og koordinere investerings- og vedlikehaldsprosjekt Utarbeide og følgje opp prosjektplanar, framdriftsplanar og budsjett Gjennomføre offentlege anskaffingar og anbodskonkurransar Evaluere tilbod og følgje opp kontraktar og leverandørar Følgje opp entreprenørar, konsulentar og samarbeidspartnarar Bidra i arbeid med kommunale planar og utviklingsprosjekt Sikre god rapportering til administrativ og politisk leiing Bidra til god økonomistyring og prosjektkontroll Vere ein aktiv bidragsytar i eininga og ta del i tverrfaglege oppgåver og arbeidsprosessar ut over eigne prosjektområde. Kvalifikasjonar Vi ønskjer at du har: Relevant høgare utdanning innan ingeniørfag, bygg, VA, prosjektleiing eller tilsvarande Erfaring frå prosjektarbeid og prosjektleiing Kunnskap om offentlege anskaffingar og gjeldande regelverk God økonomiforståing og erfaring med budsjettoppfølging God skriftleg og munnleg framstillingsevne Personlege eigenskaper Vi ser etter deg som: Arbeider strukturert og sjølvstendig Tek ansvar og får ting gjennomført Har gode samarbeidsevner Er løysingsorientert og initiativrik Kommuniserer godt med ulike fagmiljø og interessentar
Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt. Vi tilbyr Ei variert og spennande stilling med stor påverknad på utviklinga av kommunen Faglege utfordringar og moglegheit for vidareutvikling Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer Løn etter avtale og gode pensjonsordningar Fleksibel arbeidstid etter gjeldande ordningar
Vi kan hjelpe til å finne bustad Gratis SFO Barnehageplass KontaktinformasjonDag Ingvar Sandåker, Einingsleiar drift og vedlikehald, +47 90690845, Dag.Ingvar.Sandaker@aseral.kommune.no
ArbeidsstedBordalsbakken 10
4540 Åseral
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Åseral kommune
Referansenr.: 5177713808
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.10.2026
Om arbeidsgiveren: Åseral er ei bygd med eit aktivt kulturliv. Minne kultursenter i Kyrkjebygd romar faste og skiftande utstillingar, bygdemuseum, turistkontor og kafé.
I tilknyting til skulen ligg fleirbrukshallen med idrettsbane, skytebane og basseng. Uteområdet har mellom anna fotballbane og friidrettsarena. Åseral kommune er Norges sørlegaste fjellparadis med vintersportsstadane Bortelid, Eikerapen og Ljosland.
Det er gode moglegheiter for eit aktivt friluftsliv. Med halvannan times køyring kjem du til Kristiansand, medan vi ligg tre timar frå Stavanger. Det kan også vera moglegheiter for andre jobbar i kommunen eller i regionen for eventuell partner.
Empleos similares
NOAHUS NORDBYHAGEN SOMATIKK
Ingeniør med kunnskap og interesse for fagområde medisinsk teknologi og e-helse
NO
Ingeniería
NOHYOSUNG HEAVY INDUSTRIES CORPORATION
Har du teknisk erfaring fra kraftbransjen og lyst til å ta neste steg -- uansett hvor i landet du bor?
NO
Ingeniería
NOSOGNDAL KOMMUNE PLAN OG SAMFUNN
Tenesteleiar plan og forvaltning
NO
Ingeniería
NODIREKTORATET FOR BYGGKVALITET AVD OSLO
Rådgiver/seniorrådgiver - ansvarlig for registertjenester
NO
Ingeniería
NOGK NORGE AS AVD KRISTIANSUND N GKI
Avdelingsleder
NO
Ingeniería